prosjekt

Syriske flyktningar i Libanon

Budsjett:

200 000

Prosjektnummer:

424301

Libanon har tatt imot svært mange flyktningar frå Syria. Dette prosjektet støttar ein egyptisk misjonærfamilie som driv eit senter for flyktningar i Bekaa-dalen i samarbeid med ei lokal kyrkje. Dei jobbar med disippelgjering av familiar som har komme til tru på Jesus, dei gir arbeidstrening og åndeleg oppfølging for unge jenter, og driv diakonalt arbeid for flyktningar og fattige libanesarar. Misjonærane er også med i gudstenestearbeidet, og utrustar unge leiarar i kyrkja.

Libanon er eit fleirkulturelt land i Midtausten med ein stor andel kristne, men landet er inne i ei djup økonomisk krise, og har mange politiske utfordringar. Syriske flyktningar er lite populære, og blir ofte utsett for diskriminering. Kyrkja har stor fridom til å dela evangeliet med dei som har annan religiøs bakgrunn, og mange kjem til tru på Jesus.

Prosjektet er nytt for NMS i 2024, men misjonærane har vore i Libanon sidan 2016. Dei har tilknytning til det kristne innvandrararbeidet i Barcelona, som NMS har støtta i mange år.

Under er andre prosjekter fra dette landet

Midtøsten

Nye mediateam i Midtøsten

Budsjett:
150 000
Midtøsten
Egypt

SAT-7: Trosfrihet og likestilling

Budsjett:
2 900 000
Midtøsten
Egypt

SAT-7: Ungdom som endringsagenter i samfunnet (YES)

Budsjett:
3 200 000