Nyhet

Menn på misjonsweekend

Bildet viser personer rundt et bord som spiser sammen

Vertskapet serverte god mat

Skrevet av:
Ole Trygve Fosseide
Publisert:
13.3.2026

Fredag 6. mars møttes ein staut gjeng mannfolk på Vassbotn i Straumsnes til mannsweekend. Samlinga var frå fredag kveld til laurdag ettermiddag. Karane kom frå alle delene av Møre og Romsdal og næraste bygdene i Trøndelag.

Denne forkorta helgesamlinga er ein tradisjon som er framhald av NMS sine liknande samlingar på leirstaden Phillipshaugen i Sunndal, og administrator er Arne Drøpping frå Sunndal. Dette var tredje samlinga på Vassbotn.

Programmet for desse samlingane er bibeltimar, misjonsinnslag og kulturprogram.

På denne samlinga var det tidlegare sokneprest i Bolsøy, Magne Furuseth, som hadde bibeltimane. Der tok han utgangspunkt i Johannesevangeliet i ei økt på fredag og ei på laurdag.

Bildet viser Magne Furuseth som spiller gitar
Magne Furuseth. Foto: Ole Trygve Fosseide

Misjonstimen laurdag var det mangeårig Kamerun-misjonær Finn Ove Kaldhol som tok seg av. Han tok oss med på ei minnerik vandring gjennom Kamerun i tekst og bilde. Kaldhol hadde siste sommar vore med på ei lengre vandring i Kamerun til minne om dei første norske misjonærane som kom til dit for 100 år sidan. Undervegs besøkte dei mange kyrkjer som var resultat av norsk misjon. Turen enda ved den flotte millennium katedralen i Ngaoundéré.

Bildet viser Finn Ove Kaldhol
Finn Ove Kaldhol. Foto: Ole Trygve Fosseide

Kulturinnslaget var ved Einar Oterholm frå Halsa i Heim. Han gav oss ei grundig innføring i historia og bakgrunnen for smørmeieria på Nordmøre i åra 1890 til 1918. Han har skrive ei bok om desse meieria som skapte grunnlag for eiga båtrute frå Trondheim og Kristiansund til England med smør frå dei mange små meieria som foredla mjølka til smør og etterspurt eksportvare. Det vart utdanna ei ny yrkesgruppe, meiersker, som styrte desse meieria. Fleire av dei endte opp som bondekoner ute på bygdene.

Bildet viser en person foran et projektorlerret
Foto: Ole Trygve Fosseide

Vassbotn var tidlegare Normisjonen sin leirstad på Nordmøre. No er det Sina Saltbones som driv denne staden.

Her er link til Fylkingssangen som Sina lærte oss før vi drog heim:

Fylkingssangen - Viking men singing worship to Jesus

Bildet viser en gruppe menn som sitter i stoler og sofaer og synger
Foto: Ole Trygve Foseide
Bildet viser tre personer som forsyner seg fra et matbord
Vertskapet servete god mat. Foto: Ole Trygve Fosseide
Bildet viser en gruppe personer rundt et matbord som spiser sammen
Foto: Ole Trygve Fosseide
Del dette innlegget

Skrevet av:

Ole Trygve Fosseide