Kyrkje- og misjonsdag på Alværa

Velkommen til Alværa kyrkje- og misjonssenter laurdag 10. januar

Fra
10
Jan
Til
År
2026
Region
Bjørgvin
Pilegrimsvandring

Vi byrjar programmet kl. 10.30 etter at dei som ynskjer det har fått kaffi med noko attåt.

Avslutning med gudsteneste kl.14.30

Pilegrimsvandring

Dei seinare åra har historiske ferdselsårer i heile Europa blitt tekne meir i bruk igjen. Her i området har vi regionalt pilegrimssenter på Selje. Andre nøkkelstader langs kystpilegrimsleia er Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Kinn kyrkje, Svanøy Hovedgård og Selja Kloster.

Også elles i kyrkjelydane våre har det vore invitert til korte og lengre vandringar, og fleire gjev uttrykk for at det har vore til inspirasjon. Kystpilegrimsprest Einar Vegge har sagt ja til å vere med oss denne dagen og dele av si lange erfaring.

Om ettermiddagen blir det servert kaffi med mykje godt til, og ein kan delta på årsmøte for NMS, Ytre Sogn område.

På grunn av måltida er det påmelding til Alværa på telefon 489 90 661.

Vel møtt frå både Hordaland og Sogn og Fjordane til ein dag med eit spennande tema!

Arrangør er områdeutvalet for NMS Ytre Sogn