
May Lisbeth Hovlid Aurdal, Geir Sakseid, Laila Karin Tusvik Helle og Maarie Marti.
Håpsdag i Spjelkavik kyrkje
Søndag 11. januar vart Spjelkavik kyrkje fylt av håp og engasjement då vi samla oss til Håpsgudsteneste med fokus på misjon og misjonsavtalane.
Målet med dagen var å løfte fram håpsdimensjonen som misjonen gir – gjennom støtte og nærvær i ord og gjerning – og inspirere til misjonsengasjement lokalt.
Gudstenesta vart leia av sokneprest Anders Grytten, og høgdepunktet var ei dialogpreike mellom Olav Rønneberg og Sophie Moke Meteke. Olav stilte spørsmål og utfordra Sophie til å svare ærleg om kva håp og misjon betyr i praksis. Sophie, som er oppvaksen i Kamerun og har bakgrunn frå NMS sitt arbeid der, delte personlege erfaringar og nye perspektiv. Ho har presteutdanning frå Kamerun og har tidlegare vore student ved Hald Internasjonale Skole med praksis på Harøya. Ho formidla korleis misjon skaper håp – både lokalt og globalt – og kor viktig det er å stå saman i teneste.
Marie Marti, rådgivar i Møre bispedøme, var også til stades og informerte om kva SMM (Samarbeid misjon, menighet) er og korleis samarbeidet mellom kyrkjelydar og misjonsorganisasjonar kan styrkast.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med god tid til samtale og erfaringsdeling. Folk kunne besøke standane til dei seks misjonsorganisasjonane i SMM (Samarbeid Menighet og Misjon) som stod saman med Spjelkavik kyrkjelyd som arrangørar. Her fekk ein tips om gode ressursar til kyrkjelydsarbeidet. NMS bidrog med ein engasjerande quiz som skapte stor iver og gav innsikt i misjonsarbeidet – ein kreativ måte å aktivere den fullsette salen på.











